Trecento

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trecento eller Italiensk Trecento er ei musikkhistorisk nemning som omfattar italiensk musikk på 1300-talet. Trecento tyder 1300-talet, sjølv om stilen er rekna som utvikla frå om lag 1325. Musikalsk svarar denne bolken til ars nova i Frankrike på same tid. Det er rekna at tidbolken vart avrunda om lag 1425, då den flamske skolen braut gjennom for alvor.

Trecento-stilen er påverka av ars nova-stilen, men valde snøgt ei anna lei enn dei franske førebileta. Det vart utvikla ein sjølvstendig notasjon, og somme stildrag frå ars nova vart unngått heilt. Difor er det mindre rytmiske utfordringar i trecento-musikken. Italienarane hadde og omsut for ei klår melodiline. Medan den franske stilen ofte harmoniserte med utgangspunkt i kvint og oktav, var den italienske stilen meir orientert om tersar.

Trecento-stilen synte eit gjennombrot for verdslege og folkelege former, som trecento-madrigal, caccia og ballata. Denne siste vart forlaupar for frottolaen seint i hundreåret.

Den førande komponisten innanfor stilen var Francesco Landini (1325-97). Seinstilen er sterkt prega av Johannes Ciconia frå Flandern.