Trefingertoksin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Trefingertoksin (3FTx) er ein proteinoverfamilie av ormegifter som finst i giftsnokar. Han har fått namnet sitt frå tre lykkjer av β-trådar som stikk ut frå ein sentral kjerne og som slik kan likna på fingrar.

Medlemene i familien er ikkje-enzymatiske polypeptid med 60–74 aminosyrerestar. Dei er rike på disulfidbindingar, og fire av desse er konserverte i alle medlemer. Ein stor del av medlemene er ulike typar nervegifter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]