Toradar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Torader

Ein toradar eller durspel er eit lite trekkspel. Lyden kjem frå frie tunger som vert sett i røyrsle av luft som passerer over dei, nett som på eit munnspel eller eit trøorgel.

Speleteknisk er det stor skilnad mellom toradaren og det meir vanlege kromatiske trekkspelet, og toradaren liknar i prinsippet mykje på eit munnspel. Toradaren er vekseltonig, det vil seie at kvar knapp gjev to ulike tonar avhengig av om belgen blir dregen ut eller pressa inn. Instrumentet er i utgangspunktet diatonisk, slik at eit instrument stemt til dømes i G-dur, ikkje kan spele andre toneartar enn denne. Imidlertid har kvar av dei to knapperadene sin eigen toneart. I nordisk tradisjon er toradarane til vanleg bygde opp med hovudtonearten på den inste knapperada. Den ytste knapperada er ein komplementær toneart, oftast kvinten til hovudtonearten. I Noreg er G/C-toradarar, som altså har C-dur som hovudtoneart og G-dur som hjelpetoneart, og A/D-toradarar (A-dur og D-dur) dei mest utbreidde kombinasjonane. C/F-toradarar er noko mindre vanlege, noko som kan kome av at F-dur er ein lei toneart å akkompagneregitar medan A, D, G og C er særs gitarvenlege.

Dei fleste toradarane er kompletterte med fire halvtonar, som oftast er plasserte på dei to øvste knappane. Dette utvidar toneomfanget til ein kromatisk skala over ein oktav på kvar knapperad.

Knappane på bassklaviaturet sit parvis ovanfor kvarandre. Den nedste knappen i paret gjev grunntonen, medan den øvre gjev den tilsvarande treklangen. Det finst mange variantar, men det er vanlegast med fire par knappar der dei seks innleiande tonane i hovudtonearten er representert. Den sjette akkorden er oftast ein mollakkord, medan dei øvrige er durakkordar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]