Tresliperi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein gamal, utbrukt slipestein frå tresliperiet i Etival-Clairefontaine i Vosges i Frankrike har vorte skulptur.
Bandet, såkalla vire, i ei papirmaskin. Her vert den blaute, vasshaldige fibermassen lagt ut. Det meste av vatnet i massen vert samstundes fjerna ved å sugast gjennom bandet, før papiret går vidare inn i dei store valsene i maskina. Vassmerke kan pregast inn i papiret på dette stadiet i prosessen ved å late ein trommel med opphøgde merke rulle over massen.

Tresliperi er ein fabrikk som framstiller papirmasse eller tremasse, såkalla slipmasse, som vert nytta som råstoff i industriell papirproduksjon. Trestammer der bark og bast er fjerna på førehand, i Noreg framfor alt av gran, vert slipt mot kjapt roterande slipesteinar under tilsetjing av vatn. Då veden hovudsakleg er samansett av cellulosefiber som vert halde i hop av lignin, vert fibrane frigjorde under denne slipinga. Som ei vasshaldig blanding tilsett visse stoff kan fibrane deretter leggjast saman att på eit flatt løpande band, såkalla vire, i papirmaskina i ein papirfabrkk, og det nettverket av fibrar som utgjer sjølve papiret vert forma. Mykje at vatnet i massen vert fjerna ved å verte sugd gjennom bandet, og etter det vert resten av fukta i papiret fjerna med varme medan papiret løper over store valsar.

Lengda på cellulosefibrane er ulike for dei ulike treslaga. Fibrane frå bartre er mellom tre og fem millimeter lange, medan lengda på fibrane frå lauvtre berre er på om lag det halve. Lengda har mykje å seie for kvaliteten på papiret.