Papirmasse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Råstoff for papirproduksjon
Frå skogsvirke til papir
Det løpande bandet, ei såkalla vire, i ei papirmaskin, merka med 9 Table de fabrication («fabrikasjonsbordet») på teikninga av papirmaskinen over. Her vert den blaute, vasshaldige fibermassen lagt flatt ut for å filtre seg saman til eit langt band av gjennomblaut papir. Det meste av vatnet i massen vert fjerna på dette bandet ved å sugast gjennom det, før papiret går vidare inn i dei store valsane i maskina for vidare tørking, merka med 10 Séchage på teikninga. Vassmerke kan pregast inn i papiret ved å late ein trommel med opphøgde merke prege den blaute massen på vira.

Papirmasse er råstoffet som vert nytta ved industriell produksjon av papir. Hovudsakleg vert papirmasse framstilt av trevirke, som i denne samanhengen vert kalla massevirke. Veden i lauvtre og bartre er hovudsakleg samansett av cellulosefiber som vert halde i hop av lignin, og papirmasse er frie cellulose-fibrar utblanda i vatn. Fibrane har slike eigenskapar at dei kan danne hydrogenbindingar, og med det verte til papir. I Noreg er det mest gran som vert nytta til papirmasse. Fibrar til papirmasse kan òg utvinnast av ferdiglaga papir som vert reinska for trykksverte og anna, altså ved å resirkulere avfallspapir. For å få særs kvitt papir, vert massen ofte bleika kjemisk.

Til finare papirkvalitetar, som til dømes papir til pengesetlar, vert dessutan ofte fibrar av bomull eller lin frå utbrukte klede og anna avfallstekstil nytta. Handteringa av slikt råstoff skil seg mykje frå korleis papirmasse elles vert produsert.

Papirmassen kan verte produsert i særskilde tresliperi eller cellulosefabrikkar, tørka og sende til papirfabrikkar i ballar for der å verte blanda med vatn og naudsynte tilsetjingar og køyrd gjennom papirmaskina. Eller massen kan verte pumpa beinveges over til papirfabrikken som blaut masse.

Det finst fleire typar papirmasse lagd på ulikt vis. Mekaniske masser, som ofte vert kalla tremassar og nytta til framstilling av papir til avisar, blad, magasin og liknande, vert framstilt ved at fibrane i veden vert frigjorte ved at trestokkane (utan bark og bast) vert slipte til småflis mot slipeskiver som roterer med høg fart, og vatn vert tilsett. Ligninet i treverket hindrar fibrane i å svelle under produksjonen av papiret, så papiret vert etter måten svakt og stivt. På grunn av ligninet i papiret, gulnar papiret lett i solljos eller dagsljos.

Ved å varme opp flisa, vert celleveggane i veden mjuke, og fibrane frigjerast med mindre lignin og i auka lengd, såkalla termomekanisk masse. Kjemisk-mekanisk masse får ein ved at flisa vert sett inn med ei blanding av natriumsulfitt og lut før oppmalinga. Dette gjev høgare styrke på papiret, og vert nytta til papir til tapet, mjølkekartongar og slikt. Halvkjemiske papirmassar lagast ved å koke flis av lauvtre under trykk ved 180 °C i ca. 15 min i ei sulfittoppløysning. Kjemisk masse, som gjerne vert kalla cellulose, vert laga ved å koke massevirke i eit bad av kjemikaliar, slik at størsteparten av ligninet vert fjerna, medan fibrane held seg stort sett uskadde.