Menuett

Menuett er ein gammal fransk pardans frå 1600-talet og musikk som passar til denne dansen. Ein menuett går i 3/4-takt og vert dansa med langsame, små steg (pas menus på fransk, som har gjeve opphav til namnet).[1]

Menuetten skal skrive seg frå ein fransk folkedans, branle, som vart dansa i mange former over heile landet frå mellomalderen av. Nokre av desse formene var i 3/4-takt. Den mest kjente varianten var branle de Poitou, som med tida vart kjent under namnet «menuett». Dansen vart lansert i Paris omkring 1660 da Ludvig XIV bygde opp den kongelege balletten sin, delvis etter mønster frå courante.[1]
Menuett er ein grasiøs dans der fire steg blir fordelt på to 3/4-taktar. Frå slutten av 1600-talet vart menuetten fast innslag i dansesuiten, gjerne som siste eller nest siste nummer. At han vert plassert så seint i danserekka seier noko om alderen på dansen i forhold til dei andre.
Menuett som musikkstykke
[endre | endre wikiteksten]Menuetten var særs populær og heldt fram frå dansesuiten over i sonate og symfoni. Han danna sistesatsen i sinfoniaen i italiensk opera og tredjesatsen (menuett med trio) i symfonien med fire satsar frå mannheimskulen.[1]
Menuetten har i utgangspunktet ikkje opptakt og vert spelt i eit roleg tempo. I wienerklassisismen høyrer ein derimot ofte at Haydn og Mozart lèt sine symfoni-menuettar starte med opptakt og at dei går raskare enn menuettane frå 1600-talet. Danserytmen og føringa i desse menuettane minner dermed meir om vals eller folkedansen ländler som var særs populære i Austerrike opp mot 1800. Menuetten var dermed vorte ein anakronisme, og Haydn kunne ofte gå over til å kalle tredjesatsen sin ein scherzo.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Menuett» (14. februar 2009), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 17. januar 2015.
- Denne artikkelen bygger på «Menuett» frå Wikipedia på bokmål, den 25. april 2010.