Trichonephila clavata

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trichonephila clavata
Trichonephila clavata
Trichonephila clavata
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Chelicerata
Klasse: Edderkoppdyr Arachnida
Orden: Edderkoppar Araneae
Familie: Araneidae
Slekt: Trichonephila
Art: T. clavata
Vitskapleg namn
Trichonephila clavata

Trichonephila clavata er ein edderkopp som finst i Japan (utanom Hokkaido), Korea, Taiwan og Kina. Han høyrer til gruppa silkeedderkoppar. Edderkoppen er òg kjend som jorō-gumo (ジョロウグモ).

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Edderkopphoa er påfallande klart farga i gult, mørkeblått og raudt og har ei kroppslengd på 17–25 millimeter medan hannen er ein god del mindre[1] og berre måler 7–10 millimeter.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Silkeedderkoppar i slekta Nephila er kjende for å spinna store nett. Det er hoene som spinn netta, og hjå denne arten kan dei ha ein diameter på opp mot ein meter. I sollys har dei store netta ein gyllen farge. Strukturen er uvanleg for eit hjulnett, det ser ut å ha tre lag, med eit stort hjulnett i midten og uregelmessige trådar (barrierenett) framfor og bakom dette.

Forplantninga til edderkoppen skjer om hausten, då dei små hannane oppsøkjer netta til for å para seg. Etter paringa spinn hoa ein eggesekk for egga sine som ho festar til eit tre. Egga overvintrar og blir klekka om våren.

I kulturen[endre | endre wikiteksten]

I japansk folkeminne finst det eit vesen som blir kalla jorōgumo. Dette er ein edderkopp som kan endra seg til ei vakker kvinne. Ho lokkar til seg menn, og mennene ho lykkast med å forføra blir bundne fast og etne opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Kuntner, Matjaž; Coddington, Jonathan A. «Discovery of the Largest Orbweaving Spider Species: The Evolution of Gigantism in Nephila». PLoS ONE 4 (10): e7516. doi:10.1371/journal.pone.0007516. Henta 2 maj 2015. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]