Trilling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Mor med trillingbabyar i Amsterdam i 1960.
«Tre små piker». Trillingar fotografert i Oslo av Auguste Havée på 1800-talet.
«Tre unge damer». Trillingar fotografert i Oslo av Carl Christian Wischmann.

Trillingar er tre menneske som er fødde etter same svangerskap. Som regel blir trillingar fødde på same tid av same mor, men det finst døme der eitt av barnet kan fødast opptil fleire dagar før dei andre.

Eitt, to eller tre eggceller kan gje opphav til trillingar. Trillingar frå ulike egg er ikkje meir like kvarandre enn vanlege sysken, men dei som kjem frå same egg har same arveanlegg og er dermed ofte svært like kvarandre.

Trillinggraviditetar er kortare enn graviditetar med eitt barn. Gjennomsnittslengden er 32 veker og 5 dagar, og dei vanlegaste lengdene er 33-35 veker. Ved 36-37 veker blir ein trillinggraviditet rekna som fullført.[1]

Studiar har vist at trillingfoster veks i same takt som foster i enkeltgraviditetar fram til veke 28-30, deretter er vekstraten noko lågare. Kva som fører til den noko lågare vekstraten er ikkje kjend, men det har truleg med næringstilgang å gjera. Medianvekta for trillingfoster i veke 33 er 1800-1900 g, og i veke 34 2000-2100 g.[2]

Utbreiiing[endre | endre wikiteksten]

Tal for trillingfødslar kan variera, med tal frå rundt 1 av 7000 fødsler[3] til 1 av 1000 fødslar. Talet på fleirfødslar har auka på grunn av medisinske behandlingar som hormonbehandling og prøverøyrsbehandling. I tillegg har alderen på fødande kvinner gått opp, og eldre kvinner har større sjansar for å få fleire foster.[4]

Etter ei tid der ein sette inn fleire befukta egg i samband med prøverøyrsbehandling, har ein ei rekkje stader gått over til å berre setja inn eit egg. Dette har redusert talet på fleirfødslar att.[5][6]

Teikn på fleirbarnsgraviditet[endre | endre wikiteksten]

  • Rask vektauke under første trimester.
  • Livmora er større enn venta.
  • Sterk svangerskapsrelatert kvalme og oppkast.
  • Meir fosterrørsle enn det den gravide har oppplevde ved tidlegare svangerskap.
  • Unormale resultat ved blodprøvar under første trimester.
  • Fleire foster er synlege ved ultralydsundersøking.

Komplikasjonar ved fleirbarnsgraviditetar[endre | endre wikiteksten]

Fleirbarnsgraviditar har auka risiko for:

Dei moglege komplikasjonane kan vera ein grunn til at ein vel å utføra fosterreduksjon ved fleirbarnsgraviditet. Dette kan imidlertid auka risikoen for spontanabort av foster som er att.[7]

Næringsinntak[endre | endre wikiteksten]

Ved en trillinggraviditet blir den gravide tilrådd å få i seg mange fleire kaloriar enn ved enkelt- eller tvillinggraviditet. Dette er både på grunn av at det er fleire foster som treng næring og fordi graviditeten vanlegvis er kortare, men også fordi det i slutten av graviditeten er så trongt i kroppen at det kan vera vanskeleg for mora å få i seg nok næring. Eit passe stort næringsinntak og god næringsstatus under første del av svangerskapet er viktig for at morkakene skal utvikla seg godt, og aukar lengda på svangerskapet.

For dei som ventar trillingar gjev det finsket Institutet för hälsa och välfärd tilrådingar for energiinntak som byggjer på den opphavlege vekta til mora: Vid undervekt 4000 kcal/døgn, ved normalvekt 3000-3500 kcal/døgn og ved overvekt 2700-3000 kcal/døgn.[8]

Trillingar i kulturen[endre | endre wikiteksten]

Nemninga «trilling» kan brukast om tre ting som høyrer saman og er nokså like, som drikkeskåla trillingbolle, øygruppa Trillingøyane eller fjelltoppane Trillingane og Trillingnutane i Antarktis.

I teikneseriar og filmar er disneyfigurane Ole, Dole og Doffen Duck ei kjend trillinggruppe. Dei er nevøane til Donald Duck. Ein anna trillingflokk frå same univers er Hetti, Netti og Letti, som er niesene til Dolly Duck.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rolv T. Lie: Invited Commentary: Intersecting Perinatal Mortality Curves by Gestational Age—Are Appearances Deceiving?. Am J Epidemiol. Vol 152. Nr 12. 2000. s 1117-1119. Henta 2012-08-15.
  2. Vora NL, Ruthazer R, House M, Chelmow D: Triplet ultrasound growth parameters. Obstet Gynecol. Volym 107. Nr 3. Mars 2006. s 694-700. Henta 2012-08-16.
  3. «Multippelt svangerskap». Store medisinske leksikon. 24. januar 2014. 
  4. Heidi Thornhill; Susanne Albrechtsen, gynekolog. «Tvillinger og Trillinger (Svangerskap)». Nettdoktor. Henta 14. november 2017. 
  5. Berg, I. Finnström, O. Nyström, KG. Barn födda efter in vitro-fertilisering i Sverige 1982–1997: Små, men signifikanta, överrisker för provrörsbarnen. Läkartidningen. Volym 98. Nr 38. 2001. Henta 2012-08-15.
  6. Finnström, O. Nyström, K-G. Otterblad-Olausson, P. Riskerna med IVF är små och minskar för både barn och mödrar. Läkartidningen. Volym 108. Nr 36. 2011. Henta 2012-08-15.
  7. Silje Ulveseth. «– Legen spurte om vi ønsket å redusere antall fostre - KK.no». Mamma. 
  8. Vi väntar flerlingar - handbok för flerlingsföräldrar. Institutet för hälsa och välfärd. 2011. ISBN 978-952-245-530-7 (tryckt), ISBN 978-952-245-539-0 (webb). Henta 2012-09-17.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Trilling