Eggcelle

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Eggcelle er ei kjønnscelle produsert av organismar av hokjønn. Ho er ei av dei største cellene til dyra, og skil seg frå sædcella gjennom storleiken, det at ho inneheld cytoplasma og organeller som ei vanleg celle, og at ho rører seg lite på eiga hand.

Eggceller inneheld som regel noko næringsstoff som kan hjelpa embryo til å veksa. Pattedyreggceller har nokså lite næring, ettersom mora kan tilføra fosteret næring gjennom heile drekta. Eggceller hjå eggleggjande dyr, som fuglar, har eit mykje større næringsinnhald. Mange plantar utviklar òg frø med opplagsnæring frå eggceller.

Utvikling av eggceller[endre | endre wikiteksten]

Primitive organismar som svampar og nesledyr kan danna eggceller kvar som helst i lekamen, men allereie hjå nesledyra kan ho vandra frå staden ho blir danna til ein mogningsstad som er avgrensa. I alle andre dyr blir eggceller danna ein eigen stad i kroppen.

Sopp, protistar og mange plantar dannar eggceller i arkegonium. I plantetypar som mose er dette organet typisk forma som ei flaske, med ein trong hals som opnar seg når eggcella er mogen slik at sædceller kan symja inn og befrukta henne. Blomstrande plantar har ein svært enkel form av ein slik struktur, kalla ovule.

Mange dyr skil òg ut eggcella frå kroppen som egg som kan befruktast utanfor. Dette gjeld til dømes svampar, nesledyr, leddormar, blautdyr, pigghudingar og dei fleste beinfisk og amfibium. Ei slik befrukting finn typisk stad i vatn.

Hjå virveldyr finn utviklinga av eggceller stad i eggstokkar. Mogne celler blir ført ut gjennom eggleiarar, der dei kan befruktast og utvikla seg til embryo og gjerne også egg hjå ikkje-pattedyr. Hjå eggleggjande (ovipare) dyr får eggcella fleire vernande lag før ho blir lagt som eit egg, medan hjå andre dyr fortset utviklinga inne i kroppen. Hjå pattedyr finn befruktinga og utviklinga av embryoet stad i livmora.

Eggceller hjå menneske[endre | endre wikiteksten]

Eggcelle i ein primærfollikkel.

Ei mogen eggcelle er den største cella i menneskekroppen med ein diameter på 120 µm, og kan sjåast med det berre auget. Eggceller blir danna frå mindre celler, oogonium, som igjen har utvikla seg frå stamceller. Oogonium deler seg gjennom vanleg celledeling (mitose), medan nokre av dei byrjar ei reduksjonsdeling (meiose) som gjer dei til haploide kjønnsceller. Mitosedelinga byrjar i fosterlivet og går så inn i ein kvilefase, før ho byrjar igjen ein gong i kjønnsmogen alder. Då vil ei eller fleire eggceller mognast ferdig etter eggløysinga som er del av kvar menstruasjonssyklus.

Eggcellene ligg i barken av eggstokkane i folliklar. Under utviklinga frå primærfollikkel til mogen follikkel veks eggcella medan cellelekamen blir rikelegare. Hormonproduserande celler i follikelen (granulosa- og thecaceller) delar seg og dannar ei fleirlaga kappe rundt. Etter ei viss tid opnar det seg ei spalte mellom desse cellene, som utvidar seg til eit blæreforma rom fylt av klår væske. Under eggløysinga brist follikkelveggen og eggcella, omgjeven av granulosacellene, løysner og kan fangast opp av eggleiaren. Her vil kransen av granulosaceller gradvis forsvinna, og eggcella sit att med ei ein slima transparent hinne (zona pellucida) som sædcellene kan hefta seg til. Normalt klarar berre éi sædcelle å trengje heilt inn i eggcella og befrukta henne. Når dette har skjedd, blir den geléaktige hinna ugjennomtrengeleg for andre sædceller.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]