Trinn i geologi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Skjematisk teikning av trinn

Trinn eller terrassar i geologi er trappetrinnsaktige avsatsar i terrenget, men vert særleg nytta om avleiring med horisontal overflate, danna ved at ein del av ein fjord, innsjø eller sakte rennande elv er blitt fylt opp til vasspegelen med sediment (grus, sand eller leire). I Noreg finst vanlegvis terrassar i fleire trinn oppover frå munningen av elva i fjordar og lågtliggande innsjøar. Ved dei forskjellige stadia i landhevinga etter siste istida vart det danna oppfyllingar (deltaer), som seinare er blitt heva opp over vassflata og gjennomskoren og tært bort av elvane, slik at det no berre finst rester av dei som terrasser langs dalsidene. Terrasser kan ein òg finne ved gravinga til bølgjeslag og avleiringa av grus på rullestein ved stranda.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]