Hopp til innhald

Trio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Schumann-Halir-Dechert-trioen (pianotrio med cello, fiolin og piano)

Ein trio er eit musikalsk ensemble sett saman av tre musikarar, eller eit musikkstykke skrive med tre sjølvstendige stemmer for eit slikt ensemble.[1] Tersett er eit tilsvarande uttrykk for eit stykke for tre songstemmer.

I klassisk musikk viser pianotrio normalt til ein trio for klaver, fiolin og cello, medan ein stryketrio ofte er for fiolin, bratsj og cello, eller to fiolinar og ein cello.[2]

I jazz består ein trio ofte av piano og ein rytmeseksjon med trommer og bass, medan ein i trio i rock ofte kan vere elektrisk gitar, bassgitar og trommer, då ofte kalla ein powertrio.

  1. «trio – musikk». Store norske leksikon (på norsk). 22. februar 2017. 
  2. Trio i Salmonsens Konversationsleksikon (2. udgave, 1927)
Spire Denne musikkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.