Trippelalliansen i 1717
Utsjånad
![]() |
![]() |
![]() |
Trippelalliansen av 1717 var ein avtale mellom Storbritannia, Frankrike og Dei sameinte Nederlanda. Austerrike slutta seg til alliansen i 1718, slik at det vart ein kvadruppelallianse. Avtala hadde som formål å sørgje for at Spania ikkje fekk utvikle seg til å bli ei supermakt i Europa, og freiste å tvinge Spania til å overhalde vilkåra i freden i Utrecht av 1713.
Avtala vart inngått den 4. januar 1717 i Haag og førte til kvadrupelalliansekrigen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Trippelalliansen (1717)» frå Wikipedia på bokmål, den 30. desember 2011.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Avtaleteksten (en)