Trollhättan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°17′3.2280″N 12°17′5.1900″E

Trollhättans byvåpen

Trollhättan er ein svensk by som ligg i lenet (fylket) Västra Götaland, i landskapet Västergötland. Trollhättan, tidlegare kalla Stora Edet, er administrasjonssentrum i Trollhättans kommun. Byen fekk bystatus så seint som i 1916 og har 46 264 (2009) innbyggjarar. Arbeidsløysa i byen er i 2005 på 10,3%, noko som er blant det høgaste i Göteborgsregionen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Dei to to største føretaka i Trollhättan er Saab Automobile AB og Volvo Aero Corporation med til saman drygt 10 000 tilsette. Filmindustri er ei ny verksemd som held på å vokse fram i Trollhättan, «Trollywood». Hos Film i Väst vert omtrent halvparten av all svensk langfilm spelt inn. Innovatum Kunskapens Hus, som blei innvigd i 1998, er ein ny møteplass for innovasjonar.

Her var dei eldste slusene i Trollhätte kanal, opna i 1800

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Natur- og kulturmiljøet i Göta älvs foss- og sluseområde med sluser frå 1800, 1844 og 1916 er ein turistattraksjon av internasjonal klasse. Her er fossen Trollhättefalla og Trollhätte kanal. Av andre attraksjonar kan nemnast SAAB-museet og Carl Johans Torg.

Media[endre | endre wikiteksten]

Avis[endre | endre wikiteksten]

Radio/TV[endre | endre wikiteksten]

Utdanningsinstitusjonar[endre | endre wikiteksten]

Högskolan Väst (HV) (før 1. januar 2006 kjend som Högskolan i Trollhättan/Uddevalla, HTU) har spesialisert seg på teknisk utdanning, og samarbeider med Saab og Volvo Aero.

Trollhättan har òg fleire frittståande grunnskular, samt gymnas. Dei to største grunnskulane er Fridaskolan og Nya skolan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]