Trollholmsund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Nokre av «trolla» ved Trollheimsund.
Foto: Arnstein Rønning
Lapprose funne ved Trollholmsund

Trollholmsund ligg nokre km aust for E6, litt sør for Indre Billefjord i Porsanger. Det er 700 millionar år gamal kalkstein i området, som er erodert slik at det har vorte danna skulpturliknande formasjonar i terrenget. Det veks mellom anna lapprose (Rhododendron lapponicum), som i motsetning til andre rhododendronar treng kalk, på staden.

Formasjonane i terrenget kan minna om troll, og i fylgje eit samisk sagn vart dei til då det kom troll frå vidda og frå Lakselv, berande på ei kiste med gull og sølv. Då dei kom ned til sjøen kom dei ikkje lengre, og medan dei stod der rann sola og trolla vart til steinstøtter.

Trollholmen er ein holme som ligg rett aust for fastlandet og Trollholmsundet.