Troll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Troll med ei bortførd prinsesse. Teikning av den svenske kunstnaren John Bauer.

Troll er skapnadar som går igjen i nordiske folkeeventyr. Dei er gjerne store og lever langt inn i mørke skogar. Det finst mange slags troll: snille eller trollute, sinte eller godhjarta. Trolla toler ikkje sol, for då vert dei til stein. Om ein møter eit troll kan det vera godt å vita at dei fleste av dei er lettlurte. No for tida er det ikkje så mange som trur at det finst troll, men tidlegare hendte det titt og ofte at folk meinte å ha sett troll på mørke haustkveldar.

I dag kan ein finna troll i fabelprosa-litteraturen og i dataspel og rollespel. Troll spelar ei stor rolle i den norske filmen Trolljegeren.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

«Trollet som grunner på hvor gammelt det er», Theodor Kittelsen, 1911.
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.