Hopp til innhald

Tromsøbrua

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tromsøbrua

Tromsøbrua
TypeFritt frambyggbru, vegbru
StadTromsø kommune
Opna1960
StrekningFylkesveg 862
Lengd1 016 meter
Høgd36 meter
Fri høgd38 m.
Største spenn80 m.
KryssarTromsøysundet
Materialespennarmert betong
TransportererTromsøbrua
Trafikk18 571 (2022)[1]
Kart
Tromsøbrua
69°39′05″N 18°58′41″E / 69.6513°N 18.978130555556°E / 69.6513; 18.978130555556

Tromsøbrua er ei bru som kryssar Tromsøysundet mellom Tromsdalen på fastlandet og TromsøTromsøya. Brua var den første fritt frambygg-brua som vart bygd i Noreg.

Brua er av plasstøypt dekke i betong, med slanke pilarar i betong. «Fritt-fram-delen» vart støypt med tre meters seksjonar om gongen, på kvar side, til endane møttest. Brua har 58 spenn. Bygginga skjedde mellom 1958 og 1960 og ho er no ein del av riksveg 862.

Det er gjort framlegg om å verna Tromsøbrua i Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner,[2] og var i 2007 mellom 41 bruer og bygningar i verneplanen som vart innstilte til vern av Riksantikvaren.[3]

  1. «Trafikkdata Fv862 Tromsøbrua». Statens vegvesen. 
  2. Nasjonal verneplan for veger, bruer og vegrelaterte kulturminner Arkivert 2007-11-11 ved Wayback Machine. (sjå eige avsnitt om Tromsøbrua)
  3. Riksantikvaren: Varsel om fredning av byggverk (broer) i Statens vegvesens eie (3. september 2007)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]