Trygg Trafikk
Trygg Trafikk | |
Org.nummer | 970133410 |
---|---|
Skipa | 1. juni 1956 |
Hovudkontor | Oslo |
Leiar | Tomas Iver Hallem |
Verkeområde | Trafikktryggleik |
Trygg Trafikk (TT) er ein norsk medlemsorganisasjon som arbeider for auka tryggleik i trafikken. Trygg Trafikk er eit bindeledd mellom frivillige aktørar og offentlege styresmakter som har ansvaret for trafikktryggleik i Noreg. TT har fylkesavdelingar over hele landet.
TT blei skipa 1. juni 1956 under namnet Landsforeningen til fremme for Trygg Trafikk,[1] på initiativ frå Samferdsledepartementet. Namnet blei endra til Landsrådet for Trygg Trafikk i 1958, og til Trygg Trafikk i 1973.[1]
Trygg Trafikk oppretta Barnas Trafikklubb i 1966. I 2009 blei denne lagt om i samband med utviklinga av to nye nettstader - barnastrafikklubb.no for barn frå 3 til 6 år, og trafikkogskole.no for barn i grunnskulen.[1]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Trygg Trafikks historie» (på svenska). Trygg Trafikk. Arkivert frå originalen 29 september 2017. Henta 28 september 2017. Arkivert 2017-09-29 ved Wayback Machine.
- Denne artikkelen bygger på «Trygg Trafikk» frå Wikipedia på bokmål, den 27. april 2019.