Tryggingsrådet i SN
Tryggingsrådet i SN United Nations Security Council 联合国安全理事会 Conseil de sécurité des Nations unies Совет Безопасности Организации Объединённых Наций Consejo de Seguridad de las Naciones Unidas | |||
Møterommet til Tryggingsrådet i New York. | |||
Type | Principal Organ | ||
---|---|---|---|
Skipa | 24. oktober 1945 | ||
Hovudkontor | New York by | ||
Rådspresident | Sebastiano Cardi | ||
Nettstad | http://un.org/en/sc |
40°44′59″N 73°58′3″W / 40.74972°N 73.96750°W Tryggingsrådet i SN (bokmål FNs sikkerhetsråd) er eitt av seks hovudorgan i Dei sameinte nasjonane (SN).[1] Det har som oppgåve å oppretthalda internasjonal fred og tryggleik[2] og godkjenna nye medlemmer av SN[3] og godkjenna endringar av SN-pakta.[4] Det har mellom anna fullmakt til å skipa fredsbevarande operasjonar, internasjonale sanksjonar og militære handlingar gjennom resolusjonar. Det er det einaste SN-organet som kan gje bindande resolusjonar til medlemsstatar. Tryggingsrådet heldt sitt første møte 17. januar 1946.
Medlemmar
[endre | endre wikiteksten]Tryggingsrådet har femten medlemmar.[5] Stormaktene som var allierte i andre verdskrigen, USA, Frankrike, Folkerepublikken Kina, Russland og Storbritannia er faste medlemmar av rådet og har vetorett, slik at dei kan hindra føreslåtte vedtak. I tillegg til dei fem faste medlemmane har rådet ti andre medlemmar frå ulike regionar i verda som sit i rådet i toårsperiodar. Presidentskapen går på omgang blant medlemmane.
Noreg har vore medlem av Tryggingsrådet fem gonger:
- 1949–1950
- 1963–1964
- 1979–1980
- 2001–2002 (leia av FN-ambassadør Ole Peter Kolby)[6]
- 2021–2022 (leia av FN-ambassadør Mona Juul)[7]
Forløpar
[endre | endre wikiteksten]Folkeforbundet hadde eit tilsvarande råd, som tok dei fleste avgjerdene . Dette rådet hadde fem permanente medlemmer (Storbritannia, Frankrike, Italia, Japan og Tyskland) og eit varierande tal valde medlemmer (først fire, sidan seks og ni).
Vetoretten
[endre | endre wikiteksten]Når det gjeld reine prosedyrespørsmål, som gjeld korleis rådet skal arbeida, trengst det ni stemmers fleirtal. I alle andre saker trengst det også at ingen av dei faste medlemmane stemmer imot. Det er dette som er kjend som vetoretten.[8] Kina, Russland, Frankrike, Storbritannia og USA må dermed anten stemma for, eller avstå frå å stemme, dersom ein resolusjon skal gå gjennom.
Utviding
[endre | endre wikiteksten]Det har lenge vore diskusjonar om å utvide talet på permanente medlemmar. Landa som har markert seg med dei sterkaste krava om fast sete, Japan og Tyskland, er dei andre og tredje største netto bidragsytarane til SN. Tyskland er også den nest største bidragsytaren av troppar til SN-operasjonar etter USA.
Tidlegare generalsekretær Kofi Annan ba sine rådgjevarar om å fremja forslag til korleis SN-struktur kunne reformerast. Ei føreslått løysing er å utvide talet på faste medlemmar av rådet med fem, som inkluderer Japan, Tyskland, India, Brasil og eit afrikansk land. I september 2004 underteikna desse fire landa ei felles uttaling der dei gjensidig støtte kvarandre sine krav om fast plass. Storbritannia og Frankrike erklærte at dei støtta kravet.
Nokre land, som Italia og Nederland, har lagt fram ønske om eit felles europeisk sete.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Article 7 (1) of Charter of the United Nations».
- ↑ «Article 24 (1) of Charter of the United Nations».
- ↑ «Article 4 (2) of Charter of the United Nations».
- ↑ «Article 108 of Charter of the United Nations».
- ↑ «Article 23 (1) of Charter of the United Nations». United Nations. Henta 8. januar 2023.
- ↑ «Norge og arbeidet i FNs sikkerhetsråd 2001-2002». Regjeringen.no. 12. januar 2003. Henta 8. januar 2023.
- ↑ «Norges medlemskap i FNs sikkerhetsråd 2021–2022». Regjeringen.no. 2. januar 2023. Henta 8. januar 2023.
- ↑ FN-sambandets informasjonsside om Sikkerhetsrådet, arkivert frå originalen 4. februar 2014, henta 19. november 2017
- Denne artikkelen bygger på «United Nations Security Council» frå Wikipedia på engelsk, og «FNs sikkerhetsråd» frå Wikipedia på bokmål den 19. november 2017.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad
- Sikkerhetsrådet Arkivert 2014-02-04 ved Wayback Machine. - (FN-sambandet)