Hopp til innhald

Trynøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Trynøyane
øy
Land  Antarktis
Koordinatar 68°24′S 78°23′E / 68.400°S 78.383°E / -68.400; 78.383
Administrert under Antarktistraktaten
Kart
Trynøyane
68°24′00″S 78°23′00″E / 68.4°S 78.3833°E / -68.4; 78.3833
Trynøyane is located in Antarktis
Trynøyane (Antarktis)

Trynøyane er ei gruppe småøyar og skjer, kring 4 nautiske mil (7 km) i utstrekning, som utgjer den vestlege grensa av Trynevika og Trynesundet ved nordaustenden av Vestfold Hills. Ho vart kartlagd av norske kartografar frå flyfoto teken under Lars Christensen-ekspedisjonen (1936–37) og namngjevne av dei.

Thorshavnekspedisjonen 1934–35 gjekk i land her 20. februar 1935 og oppførte ein steinvarde og ei tremast. Desse minnesmerka er oppført på lista over historiske stader og kulturminne i Antarktis og er verna i tråd med Antarktistraktaten.

 Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Tryne Islands» (innhald frå Geographic Names Information System).