Thorshavn-ekspedisjonane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Thorshavn-ekspedisjonane var fem norske antarktisekspedisjonar som vart gjennomført i perioden 1931–1937. Ekspedisjonane vart sendt for å utforske kvalførekomstar i Sørishavet og kartlegge kysten av det antarktiske kontinentet, hovudsakleg frå fly. Ekspedisjonane nytta motortankaren «Thorshavn», som òg har gjeve namn til ekspedisjonane og var finansiert av kvalfangstpioneren Lars Christensen. Thorshavn-ekspedisjonane var ei vidareføring av Norvegia-ekspedisjonane (1927–1931), òg dei finansiert av Christensen.

Alle ekspedisjonane var leia av Lars Christensen sjølv med Klarius Mikkelsen som kaptein.

Den første Thorshavn-ekspedisjonen (1930/1931)[endre | endre wikiteksten]

Dei oppdaga mellom anna Cape Darnley. Klarius Mikkelsen gjekk med HVB «Torlyn» i land i sørenden av MacKenzie Bay og namngav området Lars Christensen Land. Dette heiter i dag Lars Christensen Coast.

Den andre Thorshavn-ekspedisjonen (1932/33)[endre | endre wikiteksten]

Ei tremannsgruppe med Hjalmar Riiser-Larsen skulle prøve å køyre med hundesledar langs iskanten frå Enderby Land til Weddellhavet.

Den tredje Thorshavn-ekspedisjonen (1933/34)[endre | endre wikiteksten]

Under denne ekspedisjonen segla dei rundt det antarktiske kontinentet og det vart gjort flygingar over Lars Christensen Coast og Mac. Robertson Land. Prinsesse Astrid Kyst vart under flyturane oppdaga frå lufta.

Thorshavn-ekspedisjonen 1934/35[endre | endre wikiteksten]

Under denne ekspedisjonen vart Ingrid Christensen Coast oppdaga og eit lag gjekk i land på Vestfold Hills den 20. februar 1935.[1][2]

Den fjerde Thorshavn-ekspedisjonen (1936/37)[endre | endre wikiteksten]

Under den siste av desse ekspedisjonane vart kysten fotografert frå Vestbarrieren til Proclamation Island. Prins Harald Kyst vart oppdaga og fotografert frå fly. 4. februar 1937 gjorde Noreg krav på dette området.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Composite Gazetteer of Antarctica Den vitskaplege komiteen for antarktisforsking (SCAR). Katalognr. 15439
  2. Headland, nr. 2172

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]