Hopp til innhald

Tsjadsjøen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsjadsjøen
innsjø
Land  Tsjad,  Kamerun  Nigeria,  Niger
Kart
Tsjadsjøen
13°05′57″N 14°30′17″E / 13.099263031282°N 14.504634512569°E / 13.099263031282; 14.504634512569
Wikimedia Commons: Lake Chad
Tsjadsjøen i Afrika. Det gråblåe omrisset viser utbreiinga av sjøen i 1972, det lyseblåe stoda i 1987, då sjøen var på sitt minste, og det mørkeblåe ei noko større utbreiing i 2007.

Tsjadsjøen (fransk Lac Tchad) er ein stor, grunn innsjø i Sentral-Afrika. Han er delt mellom Kamerun, Nigeria, Niger og Tsjad, som han har gjeve namn til. Størstedelen av sjøen ligg i Tsjad og Kamerun.

Tsjadsjøen får det meste av vatnet sitt frå elva Chari, over 90 %. Han har ikkje noko utlaup. Sjøen har ei viktig økonomisk tyding, og gjev vatn til over 30 millionar menneske som lever rundt han.[1]

Innsjøen har krympa gjennom fleire tiår. Ifølgje Global Resource Information Database ved United Nations Environment Programme krympa han med så mykje som 95 % frå rundt about 1963 to 1998. Han var på sitt minste i 1986, med ei flatevidd på 279 km².[2] Ifølgje satellittbilde frå 2007 hadde flatevidda auka att i dei føregåande åra.[3]

Europeisk utforsking

[endre | endre wikiteksten]

Dei fyrste europearane som nådde Tsjadsjøen, som tidlegare var blitt markert på kart berre med bakgrunn i rykte og tradisjonar, kom dit i 1823. Dei tilhøyrde ein engelsk ekspedisjon som hadde Dixon Denham, Hugh Clapperton og Walter Oudney som sine best kjende deltakarar. Nærare kunnskap om sjøen og landet rundt han i nordvest og aust blei fyrst spreidd gjennom reisene til tyskarane Heinrich Barth og Gustav Nachtigal, fyrstnemnde i 1850–1855 og sistnemnde i 1870–1874. I sør blei Tsjadbekkenet fyrst kartlagt i 1896–1897 av franskmannen Émile Gentil, som følgde Charielva til utløpet hennar i Tsjadsjøen. Eigenskapane og dei særeigne endringane til sjøen blei utforska og kartlagde av ei rekkje franske militærekspedisjonar som byrja i 1900, framfor alt av den franske majoren Jean Tilho, som lenge var stasjonert i Tsjadterritoriet.[4]

  1. AllAfrica 2012.
  2. Umar, I.A., (2018): Modelling of water cycle regime of Lake Chad using GIS and remote sensing for decadal periods. Unpublished BSc Project. University of Maiduguri, Borno, Nigeria
  3. United Nations 2007.
  4. Tsad-sjön i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1920)
«Tsjadsjøen» i Store norske leksikon, snl.no.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Tsjadsjøen