Tsjaplygin i Lipetsk oblast
| Tsjaplygin | |||
| Чаплыгин | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Lipetsk oblast | ||
| Høgd | 140 m | ||
| Areal | 11 km² | ||
| Folketal | 11 579 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1638 | ||
| • Bystatus | 1778 | ||
| Postnummer | 399900 | ||
| Retningsnummer | +7 47475 | ||
![]() Tsjaplygin 53°14′30″N 39°58′00″E / 53.241666666667°N 39.966666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Chaplygin (town) | |||
Tsjaplygin (russisk Чаплы́гин) er ein by i Lipetsk oblast i Russland med om lag 12 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 70 km nord for Lipetsk.
Busetnaden Ust Stanovykh Rjas (russisk: Усть Становых Ряс) vart grunnlagd på området til dagens Tsjaplygin på første halvdel av 1600-talet. Han voks seinare til landsbyen (selo) Slobodskoje (russisk: Слободское). I 1695 bygde Peter den store eit lite palass i tre i nærleiken og i 1702 ei lita festning kalla Oranijenburg (russisk: Ораниенбург). Namnet, som opphavleg var ein tillemping av det tyske «Oranienburg» vart seinare redusert til «Raninburg» og så til «Ranenburg» (russisk: Раненбург).
I 1702 vart både festninga og landsbyen Slobodskoje overdrege til Aleksander Mensjikov, som bygde eit lite kloster her i 1712.
Han fekk bystatus Ranenburg i 1778. I 1948 vart namnet endra til Tsjaplygin etter den russiske fysikeren Sergej Tsjaplygin, som vart fødd her i 1869.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Tsjaplygin i Lipetsk oblast» frå Wikipedia på bokmål, den 1. februar 2009.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
