Lipetsk
| Lipetsk | |||
| by | |||
Foto: Виктор Шумов (Viktor Sjumov) | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Lipetsk oblast | ||
| Høgd | 160 m | ||
| Areal | 330,15 km² | ||
| Folketal | 483 040 (1. januar 2025) | ||
| Grunnlagd | 15. juli 1703 | ||
| • Bystatus | 16. september 1779 | ||
| Postnummer | 398600 | ||
| Retningsnummer | (+7) 4742 | ||
| Bilnummer | 48 | ||
![]() Lipetsk 52°37′00″N 39°36′00″E / 52.616666666667°N 39.6°E | |||
| Wikimedia Commons: Lipetsk | |||
Lipetsk (russisk Ли́пецк) er ein by i Russland og administrativt senter i Lipetsk oblast. Han ligg ved breidda av elva Voronezj, 438 km søraust for Moskva.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Lipetsk vart først nemnd i krøniker frå 1200-talet. I 1284 vart busetjinga øydelagd av mongolane.
I 1703 gav Peter den store ordre om å få bygd ein støypejernsfabrikk i Lipetsk, nær jernmalmførekomstar, for å lage granater. I 1779 vart Lipetsk ein av dei største byane i Tambov gubernija.
Dei største industriane i Lipetsk er jernindustri, metallarbeid, maskinproduksjon, motorar, kjemikaliar, mat og klede.
Lipetsk er ein av dei eldste kurstadane i Russland og opna første gong i 1805. Torvgjørme og jernmedisinsk hydrogenkarbonat og kalsiumhaldige kjelder vert nytta til å behandle pasientar. Svovel- og klorhaldig natriumvatn vert nytta til både terapøytiske bad og som drikkevatn.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
