Hopp til innhald

Lebedjan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lebedjan
Лебедянь
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Lipetsk oblast
Høgd 160 m
Folketal 20 049 (2021)
Grunnlagd 1605
   Bystatus 1779
Postnummer 399610–399613
Retningsnummer +7 47466
Bilnummer 48
Kart
Lebedjan
53°00′42″N 39°07′41″E / 53.011552777778°N 39.128116666667°E / 53.011552777778; 39.128116666667
Wikimedia Commons: Lebedyan

Lebedjan (russisk Лебедя́нь) er ein by i Lipetsk oblast i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Don, rundt 60 km nordvest for Lipetsk.

Lebedjan vart grunnlagd tidleg på 1600-talet som ein grenseutpost for å verne det sørlege Russland frå åtak frå krimtatarar. Treeiningsklosteret vart grunnlagd der i 1621 og fleire kyrkjer vart bygd innan slutten av hundreåret, men alle er no i ruinar.

Lebedjan fekk byrettar i 1779 og utvikla seg på 1800-talet som eit senter for hesteveddeløp og hesteavl. Innbyggjarane hevdar at den første banen for hesteløp i Russland opna der i 1826.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Lebedjan