Tsodilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tsodilo
Tsodilo rock paintings 1.jpg
Land Flag of Botswana.svg Botswana
Kart
Tsodilo
18°46′18″ S 21°45′15″ E
Wikimedia Commons: Tsodilo

Tsodilo er ein verdsarvstad i Kalahariørkenen, i Ngamiland nordvest i Botswana. Han omfatter fleire tusen bergmåleri og spor etter menneske og menneskeåtferd frå 100 000 år sidan og fram til våre dagar.

Tsodilo-åsane.
Foto: Joachim Huber
Måleri på bergveggen i Tsodilo.
Foto: Joachim Huber

Tsodiolo-området er rundt 10 km² stort og omfattar over 4 500 måleri. Området blei teke med i UNESCO-verdsarva i 2001.

Åsane er heilage for sanfolk som bur i området, som har mange soger knytte til det. Mytene deira fortel at dei blei skapt av ein pytonslange, som også laga spor i Tsodilo-landskapet. I 2006 fann Sheila Coulson frå Universitetet i Oslo dei eldste kjende spora etter menneskelege ritual i ei åshóle — ein utskoren pytonslange som ho meiner reiskapar har vore ofra til for 70 000 år sidan.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedium som gjeld: Tsodilo
Spire Denne historieartikkelen som har med Botswana å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 18°45′0″S 21°43′59″E