Tufjorden på Magerøya

Foto: David Torras
Tufjorden (samisk Irevuotna) er ein fjord på nordvestsida av Magerøya i Nordkapp kommune i Troms og Finnmark. Fjorden ligg på sørsida av halvøya der sjølve Nordkapp og Knivskjellodden ligg på og strekkjer seg 12 km søraustover til fiskeværet Tufjorden i botn av fjorden.
Fjorden har innløp mellom Likholmen i nord og Lysøynæringen i sør. Like aust for Lysøynæringen ligg den vesle fjordarmen Gampollen. Litt lenger aust strekkjer Risfjorden seg søraustover. Fjorden er 129 meter på det djupaste, like nord for Risfjorden.