Tunabåten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tunabåten utstilt i Västmanlands läns museum.

Tunabåten vart funnen i ei båtgrav i eit større gravfelt i Tuna i Badelunda sokn i Västmanland i Sverige. Han vart oppdaga i byrjinga av 1950-talet inne på ei privat villatomt. Dette var ei av åtte båtgraver i same område, og i desse låg berre kvinner, medan mennene låg i enklare graver.

I Tunabåten var gravlagd ei kvinne. Gravfunnet syner at ho har vore både rik og mektig. Grava er frå slutten av 700-talet. Båten var seks til sju meter lang og konstruert som ein stokkebåt med oppbygde bordgangar.

Båtgrava vart arkeologisk undersøkt i 1952-53. Tunabåten har vorte konservert og er å finne i Västmanlands län museum. Eit smykke som vart funne er teke vare på i Gullrommet ved Statens historiska museum i Stockholm. Ein rekonstruksjon, kalla Smia, vart laga i år 2000.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]