Statens historiska museum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 59°20′04″N 18°05′26″E

Statens historiska museum på Östermalm i Stockholm.
Foto: FriskoKry

Statens historiska museum i Stockholm i Sverige, ofte berre omtalt som Historiska museet, er eit arkeologisk, kulturhistorisk og kunsthistorisk museum skipa i 1934. Museet har nasjonalt ansvar for arkeologiske funn og kyrkjelege kunstobjekt. Det såkalla Guldrummet (Gullrommet) i museet er vidgjete for si utstilling av mange fine gullgjenstandar frå bronsealderen, jarnalderen, mellomalderen og trettiårskrigen. I museets samlingar finst det meir enn ti millionar ulike gjenstandar, og mange av dei er registret elektronisk og kan søkjast på av ålmenta over internett.

Museet ligg i Narvavägen 13–17, ved krysset mellom Narvavägen og Linnégatan i bydelen Östermalm i Stockholm, i ein bygning frå 1934–1939 som er teikna av arkitektane Bengt Romare og Georg Scherman.

Andre Historiska museum i Sverige[endre | endre wikiteksten]

Lunds universitets historiska museum i byen Lund i Skåne vert òg ofte omtalt som Historiska museet eller Historiska museet i Lund.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]