Turkisdaknis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Turkisdaknis
Turkisdaknis
Turkisdaknis
Turkisdaknishoe
Turkisdaknishoe
Status
Status i verda: VU Sårbar
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Dacnis
Art: Turkisdaknis D. hartlaubi
Vitskapleg namn
Dacnis hartlaubi

Turkisdaknis (Dacnis hartlaubi) er ein fugl i tanagarfamilien og er endemisk til Colombia. Han lever i små oppstykka habitat i alle tre fjellkjeder av Andes, totalt utbreiingsareal er ca. 140 km2.[1]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Turkisdaknisen er ein liten tanagar med ei kroppslengd på 11 cm, der kjønna har stor skilnad i utsjånaden. Hannfuglen er lys turkisblå med ei svart maske, svart strupe, svart skulder og hale. Vengene er òg svarte, men med somme blåfrynsete fjører. Hofuglar er lite iaugefallande: brun overside, grå underside som går over til gulkvitt på midten av buken og brystet. Begge har kort og kraftig nebb og gul iris.[2]

Lætet hos denne arten er ein uvanleg høg, monoton metallisk knirkelyd.

Han lever for det meste i fuktige habitat, mellom 1350 og 2200 moh. Dette er fruktetarar som òg tar insekt og andre leddyr.

Storleiken på populasjonen er estimert til å ligge i området 3 750-15 000, og trudd å vere minkande. Arten er klassifisert som sårbar. Trugsmåla er avskoging for jordbruksføremål, kaffiplantasjar og urbanisering der arten har hatt naturleg habitat.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 BirdLife International (2015)
  2. Hilty, 2011

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Turkisdaknis