Tveit kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sjå òg Tveit (fleirtyding).

Tveit er ein tidlegare kommune i Vest-Agder fylke som sidan 1965 har vore del av Kristiansand kommune. I dag utgjer området eit prestegjeld som utgjer sokna Tveit og Hånes. Det ligg nordaust for bysenteret, på austsida av Topdalsfjorden.

Tveit var sjølvstendig kommune frå 1837 til 1964. Kommunen vart saman med Oddernes og Randesund innlemma i Kristiansand.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

«Tveit. – kommune» i Store norske leksikon, snl.no.