Tveit prestegard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 58°13′42.985″N 8°7′16.680″E

Tveit prestegard

Tveit prestegard (gnr./bnr. 110/1) ligg like sørvest for Tveit kyrkje i Kristiansand kommune i Vest-Agder.

Hovudbygningen er lafta i to etasjar og vart oppført mellom 1812 og 1820.[1] Ved ei omfattende vøling i 1884–87 vart bygningen utvida med ei kontorfløy på vestre gavlvegg. Bygningen har liggjande panel utvendig. Det vart gjort om på romfordelinga i 1960-åra. Prestegarden vart freda i 1991.

Også ein gravhaug i prestegardshagen er freda.[2] Det er elles gjort diverse funn i prestegardsområdet.[3]

Tveit prestegard er staden der Tveit formannskapsdistrikt (kommune) vart konstituert 10. januar 1838.[4] Kommunen vart slegen saman med Kristiansand i 1964.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Ifølgje Riksantikvaren, medan Opplysningsvesenets fond opererer med byggeår 1819–20.
  2. Riksantikvaren
  3. Sjå t.d. Universitetsmuseene.
  4. Tveit historielag

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Haslum, Vidar; Pedersen, Magnhild Egerhei, red. (2010). Stedsnavn i Tveit. En lokalhistorisk innsamling. Tveit prestegård. Gnr. 110. Tveit, Kristiansand, Vest-Agder. Hafrsfjord: Vidar Haslum/Tveit historielag. 
  • Tveit prestegard i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
  • Miljødirektoratets naturbase om kartlegging av prestegardsgrunnen
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Tveit prestegard