Tyrnyauz
Utsjånad
| Tyrnyauz | |||
| Тырныауз | |||
| by | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Kabardino-Balkaria | ||
| Areal | 61,8 km² | ||
| Folketal | 22 334 (2025) | ||
| Grunnlagd | 1934 | ||
| • Bystatus | 1955 | ||
| Retningsnummer | 86638 | ||
![]() Tyrnyauz 43°24′00″N 42°55′00″E / 43.4°N 42.916666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Tyrnyauz | |||
Tyrnyauz (russisk Тырныауз) er ein by i Republikken Kabardino-Balkaria i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg i dalføret til elva Baksan i Nord-Kaukasus, rundt 60 km vest for Naltsjik.
Byen vart grunnlagt som ein busetnad ved ei wolframgruve og -foredlingsanlegg, som framleis er hovudarbeidsgjevar i området.
Byen ligg langs hovudruta for klatreekspedisjonar til Elbrus, og er eit viktig forsyningspunkt for turar inn i Elbrus-området.
I juni 2001 vart byen råka av ein kraftig flaum og jordras. Bustadblokker vart gravlagd i gjørme opp til fjerde etasje. Det finst ingen pålitelege tal for kor mange omkomne og skadde det var. Byen hadde i 2004 stort sett kome seg etter skadane, men spora etter raset er framleis synlege.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Denne geografiartikkelen som har med Russland å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han. |
