Naltsjik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Naltsjik
Нальчик
Monumentet «Alltid med Russland»
Monumentet «Alltid med Russland»
Byvåpenet til Naltsjik
Byvåpenet til Naltsjik


Plassering
Naltsjik is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Kabardino-Balkaria
Grunnlagd
Bystatus
1818
1921
Borgarmeister Tsjasratali Berdov
Geografi
Flatevidd
 - By

131 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

270 400
  2 064,1 /km²
Koordinatar 43°29′0″N 43°37′0″EKoordinatar: 43°29′0″N 43°37′0″E
Høgd over havet 480 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 360000–360051
Retningsnummer (tlf) (+7)8662

Naltsjik (russisk На́льчик, kabardinsk Налшык, balkarisk Нальчик) er hovudstad i Republikken Kabardino-Balkaria i Russland. Byen ligg på 480 moh på nordsida av Kaukasus, rundt 1400 km søraust for Moskva. I 2007 hadde han om lag 270 000 innbyggjarar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Kjelder i Naltsjik

Naltsjik-området var busett av innfødde balkarar og kabardinarar så langt tilbake som 1743, men dagens by stammer frå tidleg på 1800-talet, da det ekspanderande keisardømet Russland bygde eit fort der i 1818. Ein militær busetnad vart grunnlagt på staden i 1838. Naltsjik vart verande relativt lite viktig til etter oktoberrevolusjonen, då han i 1921 fekk bystatus og vart administrativt senter for Den kabardinske autonome oblasten.

Under den andre verdskrigen var Naltsjik okkupert av tyske styrkar frå 28. oktober 1942 til 3. januar 1943. Byen vart sterkt skadd under konflikten.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Naltsjik er ein forvaltningsby og er eit politisk og kulturelt sentrum for Republikken Kabardino-Balkaria. Han er òg eit industrisenter for republikken, med verksemder innan metallurgi, lettindustri, produksjon av byggematerial og maskinbygging). Byen er òg kjend som ein kurstad på grunn av sine varme kjelder og klåre fjelluft.

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Naltsjik har følgjande høgare utdanningsinstitusjonar:

  • Kabardino-Balkaria statlege universitet
  • Kabardino-Balkaria forretningsinstitutt
  • Det nordkaukasiske statlege kunstinstituttet
  • Kabardino-Balkaria statlege jordbruksakademi.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Naltsjik

Kjelder[endre | endre wikiteksten]