Tysk Sørvest-Afrika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Broom icon.png Denne artikkelen kan ha godt av ein språkvask, som reinskar opp målføringa og/eller innfører same språkstilen overalt.
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Flagger

Tysk Sørvest-Afrika (Deutsch-Südwestafrika) var ein av dei større tyske koloniane i Afrika og den einaste som fekk ein tallmessig betydeleg innvandring frå Tyskland. Det tilsvarer dagens Namibia, der det framleis lever ein tyskspråklig minoritet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Aktiviteten til tyske misjonærar i området tok til i 1840-årane. I 1883 fekk forretningsmannen A.E. Lüderitz ein landkonsesjon på Angra Pequena (seinare omdøypt til Lüderitz) av den tyske regjeringa. Området vart erklærd som tysk protektorat i byrjinga av 1884 og det tyske flagget vart offisielt heist i august same året. Ved Berlin-konferansen i 1885 vart detta utvida til å omfatta heile dagens Namibia, bortsedd frå enklaven zWalvis Bay, som britane hadde okkupert frå før. Hovudstaden til kolonien var Otjimbingwe (frå 1885), etter 1891 Windhoek (grunnlagd 1890). I 1903 hadde byen 3 700 innbyggjarar, medan i 1910 hadde innbyggjartalet stege til 13 000. Frå 1896 var Theodor Leutwein den første tyske guvernøren i området. Den sparsomt folkesette kolonien tiltrekte mange tyske nybyggere, totalt rundt 13 000 fram til 1914.

Riksvåpen

I 1890 fekk den tyske utanriksministeren, greiv Leo von Caprivi, overdrege frå britane ei landstripe langs den angolansk-bechuanske grensa, Caprivi-stipen, for å gje Tysk Sørvest-Afrika tilgjenge til Zambezi-elva.

Forvaltinga av området var problematisk dels på grunn av afrikandere og engelskmenn som var i området, men særleg sidan dei innfødde herero- og namastammene kjempa aktivt og periodevis med hell mot okkupasjonen av landet. Særleg namaenes leiar, Hendrik Witbooi, viste seg å vera ein vanskeleg motstandar for tyskarane. Konfliktane eskalerte til Hererokrigen eller òg Hererofolkemordet i 1904. Krigen starta med angrep på tyske farmere, då desse la beslag på stadig større delar av hereroenes område. Hereroene var forholdsvis godt organisert og bevæpna, og tyskarane måtte få forsterkninger frå Europa for å vinna krigen. Etter eit avgjerande slag i august flykta hererofolket mot søraust til Omaheke-området, den vestlege delen av Kalahariørkenen og mange omkom av tyrste og sjukdom. Tyskarane sette ut militære styrkar ved vasshol og skaut alle hereroere som nærma seg. Av i utgangspunktet ca. 80-100 000 hereroere døydde sannsynlegvis rundt 65 000. I oktober byrja òg eit opprør i Namastammen, ein konflikt som heldt fram i fleire år til ca. 1908.

Beliggenheten

Det vart funne diamantar i 1908. I 1915, under første verdskrig, vart kolonien okkupert av Sør-Afrika, på vegne av Det britiske imperiet. Sør-Afrika heldt på kolonien som protektorat på mandat av Folkeforbundet etter slutten på krigen. Mandatet vart seinare trekt tilbake, men Sør-Afrika heldt fram å okkupera området fram til sjølvstendet i 1990. Dei siste åra vart landa integrert inn i apartheid Sør-Afrika, då under namnet Sørvest-Afrika.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]