Tysse i Samnanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Tysse
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Samnanger
Kart
Tysse i Samnanger
60°22′26″N 5°45′34″E / 60.3739°N 5.75944°E / 60.3739; 5.75944

Tysse er kommunesenteret i Samnanger kommune. Tysse ligg ved utlaupet av Tysseelva. På sørvestsida av elva er Ytre-Tysse (gradsnr. 42), medan Indre-Tysse (gardsnr. 27) ligg på nordaustsida.

Kommunehuset er plassert på Tysse. Likeeins finn ein ungdomsskule, folkebibliotek og tannlækjar her.

Sokkefabrikken AS Safa har vore ei hjørnesteinsbedrift på Tysse, men produksjonen er no flytta utanlands. Fabrikken vart starta i 1941 på eigedomane til Samnanger Ullvarefabrikk, skipa 1886.