U-mygg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
U-mygg


Dixa nebulosa
Dixa nebulosa

Systematikk
Rekkje: Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Diptera
Underorden: Nematocera
Infraorden: Culicomorpha
Familie: Dixidae
Vitskapleg namn
Dixidae

U-myggar (Dixidae) er ei relativt lita gruppe myggar som lever i tilknyting til vatn over heile verda. Namnet sitt har dei fått frå larvane, som heng karakteristisk i u-form under vassflata. Det er kjend om lag 2-3000 artar totalt; frå Europa kjenner me om lag 30 og frå Noreg 13[1].

Vaksne u-myggar kan likna på fleire andre slags myggar, særleg stankelbein (Tipulidae) og vintermyggar (Trichoceridae), men åremønsteret i vengjene er ulikt.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

U-myggen lever mesteparten av livet sitt som larve i overflatehinna ved vassbreidder. Mesteparten av dyret er under vatn, men hovudet og enda av bakkroppen stikk opp. Dette er naudsynt for at larva skal ta til seg næring (som regel plankton) og pusta med anderøyr i bakkroppen. På russisk vert gruppa kalla amfibiemyggar, sidan dei på denne måten lever i grenselandet mellom vatn og land.

Det tek fire hudskifte frå larva vert klekt til ho forpuppar seg. Då klatrar ho ein tre-fire centimeter opp frå vatnet og festar seg til ei plante eller ein stein. Avhengig av art og temperatur kan eit slikt puppestadium vare i 2–6 døger.

Vaksne u-myggar gjer lite vesen av seg, og er dårlege flygarar som sjeldan flyttar seg langt frå staden dei voks opp. Her legg dei òg egga sine, anten i geleaktige klumpar direkte på vassflata eller på vassplantar.

U-myggar i Noreg[endre | endre wikiteksten]

Etter det Norsk Entomologisk Forening reknar, finst det 13 registrerte artar u-myggar i Noreg. Ut frå kva som finst i nabolanda våre reknar ein med at talet kan vera noko høgare, truleg rundt 17. Dei europeiske u-myggane høyrer alle til to slekter, Dixa og Dixella. På larvestadiet skil ein desse på dei vassavstøytande håra førstnemnde slekt har på dei fem-seks siste bakkroppsegmenta. Dette gjer at denne gruppa ikkje er vidare flink til å dykka. Ein finn ofte Dixa knytt til rennande vatn og Dixella i stillare strok med mykje vegetasjon og gjerne ein del skugge.

  • Slekt Dixa
    • D. dilata
    • D. maculata
    • D. nebulosa
    • D. puberula
    • D. submaculata
  • Slekt Dixella
    • D. aestivallis
    • D. amphibia
    • D. borealis
    • D. dyari
    • D. filicornis
    • D. hyperborea
    • D. nigra
    • D. obscura

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Håland. Ø. 1996. Dixidae, U-mygg. Side 199-201 i: Aaagaard, K. og Dolmen, D. (red.) Limnofauna norvegica. Katalog over norsk ferskvannsfauna. Tapir forlag, Trondheim.