UEFA-cupfinalen i fotball 1980

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1980 stod mellom to vesttyske lag; Eintracht Frankfurt og tittelforsvarar Borussia Mönchengladbach, og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 7. mai på Bökelbergstadion i Mönchengladbach framfor 25 000 tilskodarar, returkampen 27. mai på Waldstadion i Frankfurt med 59 000 på tribunane. Eintracht Frankfurt vann UEFA-pokalen på bortemålsregelen, ettersom begge laga skåra i alt 3 mål.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Midtspissen Harald Karger sende gjestene i føringa i Mönchengladbach i det 37. minutt, Christian Kulik utlikna straks før pause. I den andre omgangen tok gjestene på nytt leiinga i det 71. minutt, ved kaptein Bernd Hölzenbein, fem minuttar seinare utlikna Lothar Matthäus for heimelaget. Eit par minuttar før full tid skåra Kulik på nytt og ordna siger 3-2 til Borussia.

I returoppgjeret skåra innbytaren Fred Schaub kampens einaste mål i det 81. minutt, fire minuttar etter han tok plass i Eintracht-mannskapet. Dermed stod det 3-3 samanlagt, og dei to bortemåla til Eintracht Frankfurt avgjorde utfallet av finalen.

Lagoppstillingane i Frankfurt, Eintracht i raudt

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarane frå Eintracht Frankfurt bestod av Jürgen Pahl, Willi Neuberger, Bruno Pezzey, Karl-Heinz Körbel, Horst Ehrmantraut, Werner Lorant, Bernd Nickel, Ronald Borchers, Cha Bum-kun, Norbert Nachtweih, Bernd Hölzenbein, Harald Karger, Fred Schaub, Wolfgang Trapp.

Borrussia Mönchengladbach mønstra Wolfgang Kneib, Winfried Schäfer, Wilfried Hannes, Frank Schäffer, Norbert Ringels, Lothar Matthäus, Christian Kulik, Carsten Nielsen, Karl Del'Haye, Harald Nickel, Ewald Lienen, Ralf Bödeker, Steen Tychosen, Jürgen Fleer.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Guruceta Muro Spania var kampleiar i Mönchengladbach, Alexis Ponnet frå Belgia i Frankfurt.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]