Bernd Hölzenbein
|
Bernd Hölzenbein i 2010 | |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Fullt namn | Bernd Hölzenbein | ||
| Fødd | 9. mars 1946 (79 år) | ||
| Fødestad | Dehrn i Tyskland | ||
| Død | 15. april 2024 | ||
| Høgd | 172 cm | ||
| Posisjon | Ving, spiss | ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar | (Mål) |
| 1967-1981 | Eintracht Frankfurt | 420 | (160) |
| 1981-1982 | Fort Lauderdale Strikers | 46 | (10) |
| 1983-1984 | Memphis Americans | 89 | (41) |
| 1985 | Baltimore Blast | 24 | (4) |
| 1986 | FSV Salmrohr | ||
| Landslag | |||
| 1973-1978 | Vest-Tyskland | 40 | (5) |
| * Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga | |||
Bernd Hölzenbein (9. mars 1946–15. april 2024) var ein tysk fotballspelar frå Runkel. Han vart verdsmeister med Vest-Tyskland i 1974 og vann den vesttyske DHB-pokalen 1974, 1975 og 1981, samt UEFA-cupen i 1980 med Eintracht Frankfurt.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]
Hölzenbein debuterte på Eintracht Frankfurt i november 1967. Dei neste 14 åra spelte vengpelaren 420 kampar for laget i Bundesliga og skåra 160 mål, gjeldande skåringsrekord i Eintracht Frankfurt. Han var med å vinne tre vesttyske pokalfinalar; fyrst 3-1 over Hamburger SV i 1974, der etter 1-0 over MSV Duisburg i 1975 og til sist i 1981 med 3-1 over FC Kaiserslautern. Året før var Hölzenbein kaptein då Eintracht sigra i UEFA-cupen 1980 med hjelp av bortemålsregelen, etter tap 2-3 borte og siger 1-0 heime. Etter sesongslutt i mai 1981 reiste han til USA og var dei neste fem åra aktiv på tre ulike lag.
Landslagsspel
[endre | endre wikiteksten]Hölzenbein var rimeleg fast på Vest-Tyskland sitt landslag frå han fekk sin debut som innbytar mot Austerrike i Hannover hausten 1973, ein kamp som enda med heimesiger 4-0. Under VM i fotball 1974 var han del av ein angrepstrio med senterløpar Gerd Müller og Jürgen Grabowski på venstrevengen. I finalen mot Nederland vart Hölzenbein felt innafor 16-meteren, noko som gav Paul Breitner høve til å utlikne Nederlands leiing på eit straffespark. Seinare syrgde Müller for vesttysk triumf. To år seinare utlikna Hölzenbein etter 88 minuttars spel til 2-2 i EM-finalen 1976 mellom Tsjekkoslovakia og Vest-Tyskland. Etter ekstraomgangar og straffeskyting enda finalen likevel med vesttysk tap. Ytterlegare to år etter, under VM 1978 i Argentina utlikna Hölzenbein til 2-2 i kvartfinalen mot Austerrike. Men få minuttar før full tid sende Hans Krankl Austerrike i føringa med 3-2 og eit noko grått vesttysk lag forsvann ut av turneringa. Der og då hadde Hölzenbein spelt sin 40. og siste landskamp etter å ha skåra sitt femte landslagsmål.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Verdsmeister: 1974 med Vest-Tyskland
- EM-sølv: 1976 med Vest-Tyskland
- Vinnar av UEFA-cupen: 1980 med Eintracht Frankfurt
- Vesttysk pokalvinnar: 1974, 1975 og 1981 med Eintracht Frankfurt
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bernd Hölzenbein» frå Wikipedia på bokmål, den 22. oktober 2017.