UEFA-cupfinalen i fotball 1987

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

UEFA-cupfinalen i fotball 1987 stod mellom svenske IFK Göteborg og skotske Dundee United og vart avvikla med heime- og bortekamp for kvart av laga. Fyrste oppgjeret fann stad 6. mai på Ullevi i Göteborg framfor 50 023 tilskodarar, returkampen 20. mai på Tannadice Park i Dundee med 20 911 på tribunane. IFK Göteborg vann pokalen med samanlagt 2-1.

Kampane[endre | endre wikiteksten]

Heime på Ullevi skåra Stefan Pettersson kampens einaste mål for det svenske laget i det 38. minutt av fyrste omgang.

På bortebane i Dundee sende Lennart Nilsson IFK Göteborg i føringa midtvegs i fyrste omgang. Då kampen var ein time gammal utlikna John Clark til 1-1 for heimelaget, utan det hindra at svenskane sin kaptein Glenn Hysén kunne heve UEFA-trofeet etter dommaren bles for full tid.

Laga[endre | endre wikiteksten]

Vinnarlaget IFK Göteborg bestod av Thomas Wernersson, Mats-Ola Carlsson, Glenn Hysén (kaptein), Peter Larsson, Stig Fredriksson, Magnus Johansson, Tord Holmgren, Michael Andersson, Tommy Holmgren, Stefan Pettersson, Lennart Nilsson, Roland Nilsson, Lars Zetterlund.

Dundee United mønstra Billy Thomson, Maurice Malpas, David Narey (kaptein). Paul Hegarty, John Holt, John McInally, Billy Kirkwood, David Bowman, Eamonn Bannon, Paul Sturrock, Ian Redford, John Clark, Iain Ferguson, Kevin Gallacher, Dave Beaumont.

Dommarar[endre | endre wikiteksten]

Siegfried Kirschen frå Aust-Tyskland var kampleiar i Göteborg, Ioan Igna frå Romania i Dundee.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]