Tord Holmgren

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tord Holmgren
Statsborgarskap Sverige
Fødd 9. november 1957 (64 år)
Palohuornas
Idrett fotball

Tord Holmgren (fødd 9. november 1957) er ein svensk tidlegare  fotballspelar frå Palohuornas i Gällivare kommun i Norrbottens län. Han var midtbanespelar på IFK Göteborg i elleve sesongar, var då med om å vinne UEFA-cupen, den svenske cupturneringa og allsvenskan.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Holmgren spelte fotball på lokale Hakkas til han i 1976 gjekk over til Gällivare SK. Både Tord og broren Tommy Holmgren vart i 1977 verva av IFK Göteborg. Tord Holmgren skulle kome til å spele for Göteborg-klubben heilt fram til 1987.

Holmgren var ein iherdig og løpssterk midtbanemann som bidrog til IFK Göteborg sine mange triumfar i hans aktive tid. Han og laget vann to UEFA-cuptitlar, fire SM-pokalar og tre nasjonale cuptitlar. Særleg vert han hugsa for sitt mål i fyrste finalekamp i UEFA-cupen 1982, ein finale IFK Göteborg til sist vann 4-3 over vesttyske Hamburger SV. Fem år seinare var han også på plass då det vart siger over Dundee United i UEFA-cupfinalen 1987.

Holmgren slutta som aktiv etter han i 1988-sesongen spelte for den norske andredivisjonslaget Fredrikstad Fotballklubb.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Frå november 1979 til november 1985 deltok Holmgren i 26 av Sveriges landskampar. Han skåra eitt mål, det kom då han vart matchvinnar i eit bortemøte mot Bulgaria i Burgas 24. september 1980. Kampen enda 3-2 til Sverige.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Vinnar av UEFA-cupen: 1982 og 1987 med IFK Göteborg
  • Svensk cupmeister: 1979, 1982, 1983 med IFK Göteborg
  • Svensk seriemeister: 1982, 1983, 1984 og 1987 med IFK Göteborg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]