Ujjain

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ujjain (hindi उज्जैन)
none Frå Ram Ghat ved Shipra-elva i Ujjain.
Frå Ram Ghat ved Shipra-elva i Ujjain.
Land Flag of India.svg India
Stat Madhya Pradesh
Distrikt Ujjain
Folketal 515 215 (2011)
Wikimedia Commons: Ujjain

Ujjain (engelsk uttale /udʒˈain/) er ein by i den indiske delstaten Madhya Pradesh. Han ligg ved austbreidden av elva Shipra. Byen har ca. 515 000 innbyggjarar (2011).[1] Ujjain er blant dei eldste byane i India. Han har ei viktig kulturell og religiøs tyding, og er ein av dei sju viktige valfartsstadene til hinduar.

Byen ligg i Malwa-regionen, rundt 5 mil nordvest for Indore. Han er eit jernbaneknutepunkt og har mykje handel av jordbruks- og tekstilprodukt. Ujjain har også ein bomulls- og næringsmiddelindustri. Byen har eit universitet som blei grunnlagd i 1957.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikivoyage-Logo-v3-icon.svg Reiseguide for Ujjain frå Wikivoyage

Litteratur
Nettstader
Spire Denne geografiartikkelen som har med India å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.