Ulf Guttormsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulf Guttormsen
Fødd9. september 1942 (81 år)
Trondheim
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar, fagforeiningsleiar, mekanikar
Alle verv

Ulf Guttormsen (fødd 9. september 1942) er ein norsk politikar frå Trondheim. Han representerte Sør-Trøndelag og Arbeidarpartietstortinget i tida 1989-97. Han var vararepresentant i perioden 1977–1981.

Guttormsen utdanna seg ved yrkesskule og tekniske skular, både i heimbyen og eitt år i Stavanger. Han var læregut 1958-61 og mekanikar 1961-65 ved Ørens mekaniske verksted i Trondheim. Frå 1968 til -74 var han så reparatør hos Siemens A/S si avdeling i Trondheim.

Den lange perioden 1974-2000 arbeidde Guttormsen som fagforeiningsleiar. Fyrst var han i fire år distriktssekretær ved LO-kontoret, dei neste ti åra tente han Norsk Jern- og Metallarbeiderforbund i tilsvarande stilling. Frå 1988 til 2000 var han regionssekretær Fellesforbundet.

Guttormsen representerte Arbeidarpartiet i Sør-Trøndelag fylkesting frå 1984 til 1991, siste fireårsbolken med plass i fylkesutvalet. Gjennom stortingsvalet 1989 kom Guttormsen inn på Stortinget, der han vart verande i åtte år, etter attval i 1993. Han var 1989-93 medlem i Kyrkje- og undervisningskomitéen og 1993-97 medlem i Næringskomiteen. Den siste fireårsbolken var han også sekretær i Odelstinget.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]