Ulf Karl Olov Nilsson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ulf Karl Olov Nilsson
Ulf Karl Olov Nilsson (cropped).jpg
Fødd 13. mars 1965
Robertsfors
Yrke skribent, lyrikar, psykoterapeut

Ulf Karl Olov Nilsson (fødd 13. mars 1965) er ein svensk forfattar, diktar, psykolog, psykoterapeut og psykoanalytiker. Han bur i Göteborg i Sverige.

UKON, som han ofte blir kalla, har ved fleire høve vore gjest på norske litteraturfestivalar, mellom anna på Audiatur - Festival for ny poesi i Bergen i 2005. Han er ein av 34 diktarar som er med i den kritikarroste antologien Verden finnes ikke på kartet (2010), redigert av Pedro Carmona-Alvarez og Gunnar Wærness. Dei utvalde tekstane er omsett til norsk av Monica Aasprong.

Han er med i redaksjonen til dei svenske tidsskrifta Glänta, OEI og Arche (tidl. Psykoanalytisk Tid/Skrift).

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • 2011 - Handlingarna
  • 2011 - Brukaren
  • 2010 - Standardmodellen (CD i samarbeid med gruppa Njurmännen)
  • 2010 - Hjälp, vem är jag? – utdrag från en terapi (med popsangeren Caroline af Ugglas)
  • 2009 - Barndomstolen
  • 2008 - Och solen går upp och solen går ned (Forlaget Attåt)
  • 2008 - Kalender
  • 2007 - Synopsis
  • 2005 - Block
  • 2003 - Familjeoxymoronen
  • 2002 - Stammar
  • 1999 - Någons stöd
  • 1997 - Sändning
  • 1994 - Vädrets hjärna
  • 1992 - Under det som inte förgår
  • 1990 - Kung-kung

Omsetjingar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]