Ulrike Maier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ulrike Maier
Statsborgarskap Austerrike
Fødd 22. oktober 1967
Rauris
Død

29. januar 1994 (26 år)
Murnau am Staffelsee

Idrett alpint
Tok del i

Alpine greiner under Vinter-OL 1988, Alpine greiner under Vinter-OL 1992

Minnesmerke over Maier i fødebyen Rauris

Ulrike Maier (22. oktober 196729. januar 1994) var ein austerriksk alpin skirennar som vart verdsmeister i super-g både i 1989 og 1991.

Maier, som var frå Rauris i forbundslandet Salzburg, fekk sin fyrste pallplass i verdscupen i alpine greiner då ho vart nummer i eit slalåmrenn i Courmayeur 30. november 1987. Etter ei rad med andre- og tredjeplassar i spesialøvingane storslalåm og super-g, vann ho sin fyrste store siger under VM i alpine greiner 1989 i Vail i USA. Med ein margin på tre fire hundredels sekund til sølv- og bronsevinnarane sikra ho seg VM-tittelen i super-g.

To år seinare forsvarte Maier VM-tittelen i super-g då VM i alpine greiner 1991 fann stad i Saalbach-Hinterglemm. I same meisterskapen fekk ho sølvmedaljen i storslalåm, gullmedaljen tok svenske Pernilla Wiberg. Maier vann i 19932/93-sesongen tre renn i verdscupen; eitt i storslalåm og to i super-g. Sesongen etter vann ho storslalåmtevlingane i Santa Caterina og Maribor.

Åtte dagar etter triumfen i Maribor omkom ho då ho fall i eit utforrenn i Garmisch-Partenkirchen. Gjennom sju sesongar 1988-94 stod ho på pallen etter 21 tevlingar (5-10-6).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]