Maribor

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Maribor
Lent, den gamle hamna i Maribor ved Drava
Lent, den gamle hamna i Maribor ved Drava
Plassering
Maribor is located in Slovenia
Styresmakter
Land Flag of Slovenia.svg Slovenia
Borgarmeister Franc Kangler
Geografi
Flatevidd
 - By

147,5 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik
 - Storbyområde

116 464
  789,6 /km²
167 837
Koordinatar 46°33′0″N 15°39′0″EKoordinatar: 46°33′0″N 15°39′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
CET (UTC+1)
CEST (UTC+2)
Diverse annan informasjon
Postnummer 2000
Retningsnummer (tlf) 02
Nettstad: www.maribor.si

Maribor (tysk Marburg an der Drau) er den nest største byen i Slovenia. Han har om lag 116 464 innbyggjarar i sjølve byen og 168 000 innbyggjarar i storbyområdet. Maribor ligg ved elva Drava, der fjellet Pohorje, Dravadalen, Dravasletta og åsane Kozjak og Slovenske Gorice møter kvarandre. Han er senteret i den slovenske regionen Nedre Steiermark og den største byen her. Maribor lufthamn er den nest største internasjonale flyplassen i Slovenia. Den næraste byen er Graz (Gradec) i Austerrike, som ligg om lag 60 km unna.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 1164 vart borga Marchburch (mellomhøgtysk for «Grensborga») vart dokumentert i Steiermark. Maribor vart først nemnd som ein marknad nær borga i 1204 og fekk byrettar i 1254. Han voks raskt etter sigeren til Rudolf I av Habsburg over Otakar II av Böhmen i 1278. Maribor stod imot omleiringar frå Matthias Corvinus i 1480 og 1481 og av Det osmanske riket i 1532 og 1683 og byen vart verande ein del av Habsburgmonarkiet fram til 1918.

Rådhuset i Maribor
Slomsekplassen

Maribor var tidlegare ein del av det katolske bispedømet Graz-Seckau, og vart ein del av Bispedømet Lavant i 1859, og sete for kurfyrsten her. Namnet på bispedømet, ei elv i Kärnten som munnar ut i Drava ved slovenske landsbyen Dravograd, vart endra til bispedømet Maribor den 5. mars 1962. I 2006 vart bispedømet opphøgd til erkebispedøme av pave Benedikt XVI.

Før den første verdskrigen budde det om lag 80 % tyskarar og 20 % slovenarar i byen, og det meste av byen var under tysk kontroll. Derfor vart han hovudsakleg kjend under det tyske namnet Marburg an der Drau. I ei austerriksk-ungarsk folketeljing i 1910 hadde byen 31 995 etniske tyskarar (inkludert jødar) og 6151 etniske slovenarar. Området rundt byen bestod hovudsakleg av slovenarar, men mange tyskarar budde i småbyar som Ptuj.

Panoramabilete av Maribor frå Pohorje

Under den første verdskrigen vart mange slovenarar i hertugdømet Kärnten og Steiermark arrestert etter skuldingar om at dei var fiendar av Det austerrikske riket. Dette førte til konfliktar mellom tyske austerrikarar og slovenarar. Etter at Austerrike-Ungarn kollapsa, kravde både Austerrike og Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar Maribor. 1. november 1918 vart det halde eit møte leia av oberst Anton Holik i Melje der det vart bestemt at byen skulle verte ein del av det tyske Austerrike. Den etnisk slovenske majoren Rudolf Maister, som var til stades under møtet, protesterte på avgjerskla. Han vart forfremma til general av nasjonalrådet i Nedre Steiermark i Slovenia same dag og førte slovenske troppar inn i Maribor. Alle tyske soldatar og offiserar vart demobiliserte og sent heim til Austerrike.

27. januar 1919 venta tyskarane i byen på ein amerikansk fredsdelegasjon på hovudplassen i byen, då slovenske troppar opna eld mot dei mange tusen tyskarane her. Ni personar mista livet og fleire vart skadde. Kven som var ansvarleg fann ein aldri ut av, men medan tyske kjelder hevda at troppane til Maister skaut utan grunn, meinte slovenske vitner at tyskarane hadde gått til åtak på dei slovenske soldatane som heldt vakt ved rådhuset.

Maribor var heilt omgjeve av slovensk territorium og var kontrollert av slovenske styrkar. Slik vart byen anerkjend som ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar utan ei folkeavstemming i Saint-Germain-traktaten i september 1919.

Etter 1918 flytta mange av dei tyske innbyggjarane i Maribor til austerrike, særleg dei tyske funksjonærane som ikkje kom frå byen. Tyske skular, klubbar og organisasjonar vart lagde ned i den nye staten Jugoslavia, sjølv om dei etniske tyskarane framleis utgjorde meir enn 25 % av innbyggjartalet i byen i 1930-åra.

I 1941 vart Nedre Steiermark, den jugoslaviske delen av Steiermark, annektert av Nazi-Tyskland. Seint i april vitja Adolf Hitler byen og oppfordra tyskarane i området til «å gjere dette landet tysk igjen». Like etter okkupasjonen starta nazistane å drive bort slovenarane til Den sjølvstendige staten Kroatia, Serbia og seinare til konsentrasjons- og arbeidsleirar i Tyskland. Byen hadde ein stor våpenindustri og vart seinare systematisk bombardert av dei allierte i siste halvdel av den andre verdskrigen. Den gjenverande tyske folkesetnaden vart drive bort frå byen etter krigen var over i 1945. Slovenarane som hadde delteke i den slovenske heimegarden i lag med nazistane og dei italienske fascistane vart sidan arresterte og ofte massakrerte.

Etter krigen utvikla Maribor seg til eit stort kulturelt senter nord i Slovenia og Jugoslavia. Dette kom mellom anna av at Tito ikkje bygde eit jernteppe på grensene til Austerrike og Italia, og på denne måten kunne byen nyte godt av nærleiken til Austerrike.

Då Slovenia vart sjølvstendig frå Jugoslavia i 1991, gjekk den tapte jugoslaviske marknaden hardt utover økonomien til Maribor, som nesten utelukkande var basert på tungindustri. Dette medførte til høg arbeidsløyse, nesten 25 %. Situasjonen betra seg utover 1990-åra då det vart utvikla andre former for industri og nye føretak.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Maribor

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «[[:en
Maribor|Maribor]]» frå Wikipedia på engelsk, den 25. april 2009.