Uluabatsjøen
Uluabatsjøen | |||
innsjø | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Provins | provinsen | ||
Tilsig | Mustafakemalpaşa | ||
Utløp | Ulubat | ||
By | Gölyazı | ||
Koordinatar | 40°10′N 28°35′E / 40.167°N 28.583°E | ||
Areal | 135−160 km² | ||
øyar | 8 (Halilbey) | ||
Uluabatsjøen 40°10′21″N 28°35′27″E / 40.1726°N 28.5908°E | |||
Kart som viser Uluabatsjøen.
| |||
Wikimedia Commons: Lake Uluabat |
Uluabatsjøen (tyrkisk Uluabat Gölü og Apolyont Gölü) er ein innsjø i nærleiken av Bursa i Tyrkia. Han er ein stor innsjø med eit areal på mellom 135 og 160 km², avhengig av vassnivået, men er særs grunn og er berre 3 meter på det djupaste. Innsjøen har åtte øyar og ei øy som stundom er ei halvøy når vassnivået er lågt. Den største øya heiter Halilbey. I sørvest får innsjøen vasstilførsel frå Mustafakemalpaşa, som har danna eit slamhaldig delta. Utløpet frå innsjøen er elva Ulubat, som renn vestover og når Marmarahavet via elva Susurluk.
Det meste av breidda er dekt av vassplanter og ein finn dei mest omfattande plantebeda med kvit nykkerose i Tyrkia. Innsjøen er ein av stadane den utryddingstrua dvergskarven hekkar. Andre fuglar som hekkar her er natthegre, topphegre og skjestork.
Det alternative namnet Apolyontsjøen kjem frå det antikke namnet Apolloniatis, kalla opp etter Apollonia ad Rhyndacum (dagens Gölyazı), som var ein gresk by ved breidda av innsjøen i antikken.
St. Konstantin
[endre | endre wikiteksten]St. Konstantin er ei lita øy i innsjøen. I austromartida stod St. Konstantin kloster på øya. I dag er ikkje øya lenger busett, men klosteret overlevde den osmanske erobringa av Vesleasia.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lake Uluabat» frå Wikipedia på engelsk, den 16. august 2012.