Umaru Bangura
|
| |||
| Personleg informasjon | |||
|---|---|---|---|
| Kallenamn | Zingalay | ||
| Fødd | 7. oktober 1987 (38 år) | ||
| Fødestad | Freetown | ||
| Posisjon | Midtbanespelar | ||
| Klubbinformasjon | |||
Noverande lag | Haugesund | ||
| Nummer | 10 | ||
| Ungdomsklubbar | |||
| 2004-05 2005 |
| ||
| Seniorkarriere* | |||
| År | Lag | Kampar (Mål) | |
| 2006-10 2011- |
|
126 (7)[1] 17 (0)[1] | |
| Landslag | |||
| 2006- |
| 14 (0)[2] | |
|
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 29. august 2011 ‡ Landslagsmål oppdatert 19. april 2011 | |||
Umaru Bangura (fødd 7. oktober 1987 i Freetown) er ein sierraleonsk fotballspelar. I 2011-sesongen spelar han på midtbanen for Haugesund i den norske Tippeligaen.
Bangura spelte for Sierra Leone under U17-VM i Finland i 2003. Etter meisterskapen drog han til den engelske klubben Watford, men fekk ikkje arbeidsløyve i Storbritannia. Han drog til Noreg og Hønefoss i Adeccoligaen i 2006. Han var eit fast innslag på laget til Hønefoss til og med 2010-sesongen, då klubben spelte i Tippeligaen. Etter at Hønefoss rykte ned att til Adeccoligaen, skreiv Bangura under for Haugesund 29. november 2010, utan overgangssum.
Bangura debuterte for A-landslaget til Sierra Leone 3. september 2006 i ein kvalifiseringskamp til Afrikameisterskapen mot Togo. Han var fast på laget under Sierra Leone sine kvalifiseringskampar til fotball-VM i 2010.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen begynte med ei omsetjing frå engelsk Wikipedia 19. april 2011.