Under stjernerne på himlen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Under stjernerne på himlen»
Song av Tommy Seebach

Land Danmark
Språk Dansk
Utgjeve 1993
Sjanger Pop, slager
Lengd 02:40
Selskap EMI
Komponist Tommy Seebach
Tekstforfattar Keld Heick
Låtskrivar(ar) Tommy Seebach, Keld Heick

«Under stjernerne på himlen» er ein dansk poplåt frå 1993, komponert av Tommy Seebach og med tekst skriven av Keld Heick. Songen blei framført av Tommy Seebach med band og vann Dansk Melodi Grand Prix 1993 og representerte Danmark i Eurovision Song Contest 1993 i Millstreet. I den internasjonale finalen enda «Under stjernerne på himlen» som nummer 22 av 25 bidrag, og den svake plasseringa gjorde at Danmark måtte stå over tevlinga året etter.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

«Under stjernerne på himlen» er ein godnattsong til dottera til Tommy Seebach, Marie. Seebach hadde sendt inn songen til Dansk Melodi Grand Prix både i 1991 og 1992, men Danmarks Radio ville ikkje aksepterte han til tevlinga. Årsaken var ikkje songen, men alkoholmisbruket til Seebach. Kringkastaren frykta at Seebach ville opptre rusa og «lage skandale» under sendinga.[1] Men i 1993 godtok Danmarks Radio songen, og han var eit av ti bidrag i Dansk Melodi Grand Prix i Odense 3. april 1993.[2]

I Dansk Melodi Grand Prix vann «Under stjernerne på himlen» ein klår siger i telefonavrøystinga med drygt 16 000 telefonrøyster. Sigeren gjorde at songen blei det danske bidraget til Eurovision Song Contest i Irland 15. mai same år. Dette var den tredje sigeren til Seebach i tevlinga, etter å ha vunne den danske finalen i 1979 med «Disco Tango» og i 1981 med «Krøller eller ej».

I den internasjonale finalen i Millstreet var «Under stjernerne på himlen» det femte bidraget ut på scena av 25 bidrag. Trass dansk optimisme om ei god plassering, fekk han berre 9 poeng og enda på ein delt 22. plass med Slovenia. Den svake plasseringa gjorde at Danmark måtte stå over tevlinga året etter – dette var fyrste gongen Danmark ufriviljug måtte stå over ein Eurovision-finale. Hendinga gjorde Seebach til «nasjonal syndebukk» i Danmark, og han blei møtt med omfattande kritikk.[3] Dette blei også siste gongen han deltok i Dansk Melodi Grand Prix.

Ny versjon[endre | endre wikiteksten]

Tommy Seebach la aldri songen ut for sal i 1993. I staden spela sonen hans, Rasmus Seebach, inn ein versjon i 2011. Songen var også ein del av andre albumet til Rasmus Seebach, Mer' end kærlighed frå 2011. Versjonen til Rasmus Seebach nådde ein tredjeplass på den danske singellista hausten 2011. I januar 2012 mottok songen gull for strøyming.[4]

Listeplasseringar[endre | endre wikiteksten]

Originalversjonen frå 1993 gjekk aldri inn på den danske singellista, men versjonen til Rasmus Seebach frå 2011 nådde ein tredjeplass på lista.

Liste (2011–2012) Høgaste
plassering
Flagget til Danmark Danmark (Hitlisten)[5] 3


Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Lykke, Allan (12. november 2010). «DR frygtede skandaler med Tommy Seebach». Ekstra-Bladet. Henta 10. juli 2018. 
  2. «Tommy Seebach vandt i Odense i 1993» (på dansk). 19. juni 2013. Henta 20. juli 2018. 
  3. «Da Seebach blev syndebuk». DR (på dansk). Henta 20. juli 2018. 
  4. Certificeringer
  5. Hung, Steffen. «"Under stjernerne på himlen" – Danish Charts». danishcharts.com. Henta 20. juli 2018.