Hopp til innhald

Slovenia i Eurovision Song Contest

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Slovenia

OffisieltSlovenia

RTVSLO
Uttakingar
Nasjonalt24
Internt2
Deltaking
Debutår1993
Deltakingar26
Beste resultat
Semifinalen3 (2011)
Finalen7 (1995 og 2001)
Verste resultat
SemifinalenSist (2013 og 2022)
Finalen25 (2014)
Poeng
Semifinalane1 168
Finalane803
Totalt1 971

Slovenia debuterte i Eurovision Song Contest i 1993 og har delteke 26 gongar. Slovenia har tidlegare delteke i Eurovision Song Contest som ein del av Jugoslavia og frå 1993 som ein sjølvstendig nasjon. Slovenia har aldri vunne tevlinga, men har to sjuandeplassar som beste plassering. Etter innføringa av semifinalar i 2004, har Slovenia kvalifisert seg til finalen på berre seks av sytten forsøk, seinast i 2019.[1]

Fram til byrjinga av 1990-talet, var Slovenia ein del av Jugoslavia, som hadde delteke i Eurovision Song Contest sidan 1961. Fire av bidraga frå Jugoslavia kom frå Slovenia; det fyrste bidraget frå Slovenia var Berta Ambrož og songen «Brez besed», som var Jugoslavia sitt bidrag i 1965. I 1991 og 1992 erklærte Slovenia, Kroatia, Makedonia og Bosnia-Hercegovina sjølvstende frå Jugoslavia

Utdjupande artikkel for dette emnet er Jugoslavia i Eurovision Song Contest.

I 1993 melde Slovenia seg på Eurovision Song Contest saman med seks andre land frå den tidlegare austblokka. For å halde talet på antall deltakande land nede, kravde Den europeiske kringkastingsunionen at dei sju landa måtte gjennom ei eigen førehandskvalifisering, kalla Kvalifikacija za Millstreet (Kvalifisering til Millstreet). Dei tre beste landa i kvalifiseringa, ville få ein plass i Eurovision Song Contest. Slovenia vann kvalifiseringa, og sikra seg dimed ein plass i finalen. Slovenias fyrste bidrag som sjølvstendig nasjon var med gruppa 1X Band og songen «Tih deževen dan».

Lite suksess

[endre | endre wikiteksten]

Det er allmennkringkastaren RTVSLO som sender tevlinga i Slovenia, og har ansvaret for å velje landets artist og sang. I 1990-åra hadde Slovenia middels suksess, men oppnådde ein sjuandeplass i 1995 som beste plassering. I 2001 fekk Slovenia ein ny sjuandeplass, men etter at Den europeiske kringkastingsunionen innførte semifinalar i 2004, har Slovenia berre kvalifisert seg til finalen seks gongar. Landets beste plassering etter 2001 er to trettandeplassar frå 2002 og 2011.

Slovenia sto også utanfor tevlinga i 1994 og 2000 på grunn av dårlege plasseringar åra før.[2]

ÅrArtistSongAndre språkFinalenSemifinalen
PoengPlassPoengPlass
19931X Band«Tih deževen dan»Slovensk922541
1995Darja Švajger«Prisluhni mi»Slovensk847
1996Regina«Dan najlepših sanj»Slovensk16213019
1997Tanja Ribič«Zbudi se»Slovensk6010
1998Vili Resnik«Naj bogovi slišijo»Slovensk1718
1999Darja Švajger«For a Thousand Years»Engelsk5011
2001Nuša Derenda«Energy»Engelsk707
2002Sestre«Samo ljubezen»Slovensk3313
2003Karmen Stavec«Nanana»Engelsk723
2004Platin«Stay Forever»EngelskIkkje kvalifisert521
2005Omar Naber«Stop»Slovensk6912
2006Anžej Dežan«Mr. Nobody»Engelsk4916
2007Alenka Gotar«Cvet z juga»Slovensk66151407
2008Rebeka Dremelj«Vrag naj vzame»SlovenskIkkje kvalifisert3611
2009Quartissimo med Martina Majerle«Love Symphony»Slovensk og engelsk1416
2010Ansambel Žlindra og Kalamari«Narodnozabavni rock»Slovensk616
2011Maja Keuc«No One»Engelsk96131123
2012Eva Boto«Verjamen»SlovenskIkkje kvalifisert3117
2013Hannah Mancini«Straight Into Love»Engelsk816
2014Tinkara Kovač«Round and Round»Slovensk og engelsk9255210
2015Maraaya«Here for You»Engelsk3914925
2016ManuElla«Blue and Red»EngelskIkkje kvalifisert5714
2017Omar Naber«On My Way»Engelsk3617
2018Lea Sirk«Hvala, ne!»Slovensk64221328
2019Zala Kralj og Gašper Šantl«Sebi»Slovensk105151676
2020Ana Soklič«Voda»SlovenskTevling avlyst
2021Ana Soklič«Amen»EngelskIkkje kvalifisert4413
2022LPS«Disko»Slovensk1517
2023Joker Out«Carpe Diem»Slovensk78211035

Røystehistorikk

[endre | endre wikiteksten]

Slovenia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Kroatia125
02 Sverige117
03 Serbia111
04 Bosnia-Hercegovina100
05 Italia95
Slovenia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Kroatia81
02 Bosnia-Hercegovina61
03 Serbia38
04 Russland35
05 Nord-Makedonia33

Semifinalane

[endre | endre wikiteksten]

Slovenia har gjeve flest poeng til
#LandPoeng
01 Serbia86
02 Nord-Makedonia80
03 Kroatia78
04 Sverige62
05 Ukraina59
Slovenia har fått flest poeng frå
#LandPoeng
01 Montenegro61
02 Kroatia59
Serbia
04 Polen52
05 Bosnia-Hercegovina49
  1. «Slovenia – Eurovision Song Contest». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016.
  2. «Eurovision Song Contest 2000». eurovision.tv. Henta 25. desember 2016.