Unity

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Modulen Unity fotografert frå romferja Endeavour.

Unity er namnet på ein av modulane som dannar den internasjonale romstasjonen. Den sylindriske modulen vart bygd av The Boeing Company på romfartssenteret George C. Marshall Space Flight Center i Huntsville, Alabama, USA. Unity som også vert kalla «Node 1», vart sendt opp med den amerikanske romferja Endeavour under STS-88 den 4. desember 1998 og vart 2 dagar seinare kopla saman med den russiskbygde Zarya som alt var i bane rundt jorda sidan november same året.

Unity vart seinare kopla til den amerikanske laboratoriemodulen Destiny (under romferda STS-98), segmentet Z1 (eit tidleg rammeverk for stasjonen som vart montert under romferda STS-92), PMA-3 (også montert under STS-92) og luftslusa Quest (montert under STS-104). Dessutan vert dei mobile MPLM-modulane kopla til Unity på fleire ferder med romferjene. Node 3 med sin Cupola med sine utsiktvindauge, vil bli kopla til Unity på ferda STS-132.

Mål[endre | endre wikiteksten]

  • Lengde: 5.49 m
  • Diameter: 4.57 m
  • Masse: 11,612 kg

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsinformasjon[endre | endre wikiteksten]

NASA - faktark (pdf-fil)